Står du i manntal?

Vallogo

Kommune- og fylkestingsvalet 2019

Manntalet for Lærdal kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i tida frå og med 15. juli og fram til og med valdagen 9. september.

Manntalet vert lagt ut til ettersyn på desse stadene:

• Nærbutikken Borgund

• Joker Ljøsne

• Biblioteket

• Lærdal rådhus

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelete frå manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.

Adressa til valstyret er: Lærdal valstyre, postboks 83, 6886 Lærdal

Valstyret i Lærdal
Jan Geir Solheim
Leiar

Tips en venn Skriv ut