Lærdal Kommune
Startside
Tenester
Om Lærdal
Næring
Administrasjon
Kyrkje
Satsar og gebyr
Linkar
Dokumenter
Kontakt oss
<<  August 2010  >>
 Man  Tir  Ons  Tor  Fre  Lø  Sø 
      
  2  3  4  5  7
  9101213
161718192021
232425262728
31     

Lærdalshallen

Verdsarv
Vestnorsk fjordlandskap

Jeriko
Vennskapskommunen

Sognekart

idrettsanlegg.no

kontaktoss
Nyhende Oppvekst Ljøsne

INFO - TILSETTE                                                                                                   


 
Vasskrig

vasskrig 2010

Tradisjonen tru hadde Ljøsne skule ein skikkeleg vasskrig på slutten av skuleåret. Tysdag den 15. juni fekk 7. klasse dynka medelevar og lærarar i vatn. Ikkje utan sjølve å bli våte, sjølvsagt!. Så ynskjer me 7. klassingane våre lykke til på ungdomsskulen og gler oss til å ta imot nye 1. klassingar:

 

Første skuledag

Første skuledag skuleåret 2010-2011 vert måndag 16. august. Då er det oppmøte på skulen kl 10.00 og skuledagen varar til 12.00. Skulerute elles finn de her.

Sist oppdatert fredag 18. juni 2010 15:30
 
SNIPPAR & SLENG

web-ymca

 

Ljøsne skule slo igjen til med eit musikalsk tilbakeblikk, denne gongen med 70-talet som tema i framsyninga "SNIPPAR & SLENG". I musikk, song og bilete tok elevane publikum med tilbake til tiåret med slengbukser, skjorter med lange snippar, ein angrande Nixon og hytter på hjul. 
Sist oppdatert torsdag 29. april 2010 19:37
Les meir …
 
Tryggare skuleveg

Det vert for tida jobba mykje med trygg skuleveg til Ljøsne skule. Trafikktryggingsgruppa ved Ljøsne skule har teke initiativ til å redusere fartsgrensa på fylkesvegen mellom Bø bru og Tønjum frå 80 til 60 km/t. 

Skulen og trafikktryggingsgruppa har og levert innspel på kommunedelplanen Tømjum-Ljøsne. Både årsmøte i foreldrerådet og samarbeidsutvalet ved skulen har stilt seg bak innspelet.

NY: Oppvekst Ljøsne har gjeve høyringssvar på planprogrammet for Tønjum-Ljøsne. Det kan vera greitt med oversiktskartet for henvisingane i dokumentet.

Sist oppdatert onsdag 02. juni 2010 17:46
 
Kveldsaktivitetar - gymsalen på Ljøsne

 Gymnastikksalen vil vera stengd for kveldsaktivitetar måndag 30. november og tysdag 1. desember, samt måndag 14. desember til tysdag 22. desember 2009.

Sist oppdatert torsdag 22. april 2010 11:47
Les meir …
 
Ljøsnalynet parkert for i år....

Som ei lita sommarhelsing frå Ljøsne skule har me vald å legga ut suksessen Ljøsnalynet så de kan få lasta den ned (mp3-fil).

Sist oppdatert mandag 15. juni 2009 15:49
Les meir …
 


Kontakt oss Ledige stillingar Politikk PostlisteSkjema Plansaker Aktuelle tema NAV
kulturminnearet
laerdalsmarknad

helgogkvardag

Indre Sogn Kunstsenter
val