Nokon over 65 år har takka nei, er usikre eller har vore på tur. Dei dette gjeld, og som no er klar for vaksinering, må ta kontakt med Helsesenteret, slik at de vert sett opp til ny time. 
Me jobbar med å få på plass vaksinatørar som kan bidra i sommar. Det er varsla at me vil få mange vaksiner i veke 29, 30 og 31 og me i Lærdal skal vere klar når dei kjem. 

Vaksinerte hittil i Lærdal kommune:
Dose 1: 622
Dose 2: 382

Dette er tal på kor mange Lærdal kommune har vaksinert. Nokre innbyggjarar vert vaksinerte andre stader, t.d helsepersonell frå Lærdal som jobbar anten på sjukehuset eller i nabokommunar. 
Til dei som fekk Astra Zeneca 11.mars: 
Alle de har fått innkalling på SMS til dose 2 med Pfizer-vaksina den 3.juni. Klokkeslett for oppmøte fekk de då de vart kalla inn til dose 1.