I veke 7 skal me tilsaman vaksinere 60 personar, halvparten får dose 1 og halvparten får dose 2. 
I veke 8 får me berre vaksiner til dei som skal få dose 2. 
Me er straks ferdig med å vaksinere alle som er fødde frå -41 og oppover, det vil seie dei som vert 80 år i år.
Me veit at mange som er i risikogruppa og som er under 65 år er spente på kva tid det er deira tur til å få vaksine. Dette kan me dessverre ikkje svare på, då me ikkje veit kor mange vaksiner me får per veke. Det me veit er at når aldersgruppa 65-74 år får tilbod om vaksine, skal samstundes dei med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forlaup også tilbys vaksine.  Som nevnt over, no er me kome ned i aldersgruppa 80 år.

Einingsleiar Helse