Vaksinerte hittil i Lærdal kommune:

Dose 1: 594
Dose 2: 216

Dette er tal over kor mange Lærdal kommune har vaksinert. Nokre innbyggjarar vert vaksinerte andre stader, t.d helsepersonell frå Lærdal som jobbar anten på sjukehuset eller i nabokommunar.

Astra Zeneca:
Astra Zeneca (AZ) vaksina er stoppa i Norge. Nokre innbyggjarar i Lærdal er vaksinert med denne vaksina. Alle dei som har fått fyrste dose med AZ skal få Pfizer som andre dose. Truleg vert dette same dato som de opprinnleg skulle få andre dose med AZ. Dei det gjeld vil få innkalling til denne.

SMS varsling:
Fram til no har me levert ut brev til dei som skal kome til vaksinering. Me ser at for dei eldste innbyggjarane våre har dette vore den beste løysinga. Etter kvart som me kjem nedover i alderstrinna tenkjer me at me kan kalle dykk inn per SMS. I SMSen vil det kome tidspunkt for vaksinering med dose 1 og dose 2. I meldinga er det ein link til Lærdal kommune si heimeside, der de vil finne eit innkallingsbrev. I innkallingsbrevet ligg det også ein link til eit eigenerklæringsskjema som me ber dykk fylle ut og ta med til vaksinasjonsstaden. De skal ta med ferdigutfylt skjema til både dose 1 og dose 2.

Vaksinering i ferien:
Vaksineringa tek ikkje ferie, så det vert vaksinering i heile sommar. Me håpar og trur at me då er ferdig med alle over 65 år og dei som er yngre og har underliggjande sjukdomar. Det betyr at det no er dei som ynskjer vaksine som får tilbod. Ved å melde seg på vaksinering, skal de frå i sommar sende melding til besoklegen.no. De skriv at de ønsker vaksine, deretter tek me kontakt med kvar og ein og set dykk opp time til begge dosane. NB! Me startar ikkje opp med dette enda, dette er kun til informasjon.

Leveranser:
FHI distribuerer ut vaksiner og bestemmer kor mange hetteglas/doser kvar kommune skal få. Kor mange me får, avhenger av smittepress og strørrelse på kommunen. Me får vite ca 14 dagar i forkant kor mange doser me får.

I veke 19 får me 48 doser med vaksiner. I veke 20 får me 72 doser, men dette er kun til innbyggjarar som har fått dose 1. Det vil seie at det ikkje vert kalla inn nye til vaksinering den veka.

Me vaksinerer med vaksina Comirnaty frå Pfizer/BioNTech.