I veke 8 og 9 har me kun fått vaksiner til dose 2, og det har difor ikkje vore nokon nye som er kalla inn til vaksinering. 
I veke 10 får me påfyll med BioNTech/Pfizer vaksina og me har no levert ut brev til dei siste som er fødde i 1941 og me har starta på dei som er fødde i 1942. Merk at dei av dykk som kjem til vaksinering i veke 10 må komme tilbake for dose 2 i påsken. 
I veke 10 er det per no sagt at me skal få 100 dosar med vaksina frå AstraZeneca. Den skal primært gå til helsepersonell og eventuelt andre i samfunnskritiske jobbar. Informasjon om vaksinering av denne vaksina er sendt ut til dei det gjeld.
Det er mange i risikogruppa som lurer på når det er deira tur å få tilbod om vaksine. I fhi sin oversikt over prioritering, er dette når me kjem i aldersgruppa 65-74 år. Les meir om prioriteringslista her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/ .
Har du bustadadresse i Lærdal vil du få tilbod om vaksine her. Dette gjeld også dykk som har fastlege andre stader. Dersom du er i risikogruppa og har fastlege ein annan stad, er det fint om du tek kontakt med helsesenteret. Dette på grunn av at du ikkje vil kome opp i vårt journalsystem over prioriterte personar i risikogruppa. Merk: dette gjeld dei som ikkje har fastlege her. 
Er du til dømes sesongarbeidar og skal opphalde deg i Lærdal over ein lenger periode, har du også rett på tilbod om vaksine her. 

Einingsleiar Helse