Dose 1: 501
Dose 2: 165


Dette er tal over kor mange Lærdal kommune har vaksinert. Nokre innbyggjarar vert vaksinerte andre stader t.d helsepersonell frå Lærdal som jobbar anten på sjukehuset eller i nabokommunar. 
SMS varsling 
Fram til no har me levert ut brev til dei som skal kome til vaksinering. Me ser at for den eldste gruppa har dette vore den beste løysinga. Etter kvart som me kjem nedover i alderstrinna tenker me at me kan kalle dykk inn per SMS. I SMSen vil det kome tidspunkt for vaksinering med dose 1 og dose 2. I meldinga er det ein link til Lærdal kommune si heimeside, der de vil finne eit innkallingsbrev. I innkallingsbrevet ligg det også ein link til eit eigenerklæringsskjema som me ber dykk fylle ut og ta med til vaksinasjonsstaden. De skal ta med ferdigutfylt skjema til både dose 1 og dose 2. 
Leveranser: 
FHI distribuerer ut vaksiner og bestemmer kor mange hetteglas/doser kvar kommune skal få. Kor mange me får, avhenger av smittepress og strørrelse på kommunen. Me får vite ca 14 dagar i forkant kor mange doser me får. 
I veke 16 får me 72 doser, det same antallet får me også i veke 17.  
Me vaksinerer med vaksina Comirnaty frå Pfizer/BioNTech.