Me er no komne ned i siste gruppe, gruppe 11 som er personar i alderen 25-39 år. Det står fortsatt att nokre andre aldersgrupper som me kallar inn fortløpande. 
Innkalling på kort varsel:
Dei av dykk som kan komme på kort varsel til vaksinering, det vil seie same dag, kan ringe legekontoret på 57669500 og melde dykk.
  
Vaksinerte hittil i Lærdal kommune:
Dose 1: 1080
Dose 2: 704 
Dette er tal på kor mange Lærdal kommune har vaksinert. 

Dersom du har fått vaksine andre stader er det fint om du umiddelbart gjev beskjed, slik at me unngår dobbeltarbeid. 
 
KORONASERTIFIKAT:
Har du spørsmål om koronasertifikat ber me dykk gå inn på Helsenorge sine nettsider for informasjon. Er du ferdig vaksinert, vil ditt sertifikat vere tilgjengeleg på dine sider.