I veke 11 får me 24 nye doser med vaksina Comirnaty frå BioNTech/Pfizer og me har kalla inn innbyggjarar i aldersgruppa 77-79 år.  Planen er også at me skal vaksinere helsepersonell med vaksina frå AstraZeneca, men foreløpig er dette som kjent, sett på vent. 
I veke 12 veit me førebels ikkje kva me får utlevert av vaksiner. 
Alle som er 65 år og eldre vert rekna som risikogruppe og vert kalla inn etter tur. Det er ingen i denne aldersgruppa som kjem før andre pga underliggjande sjukdom. Dei som er i risikogruppa på grunn av underliggjande sjukdom og er under 65 år, vert kalla inn samstundes med aldersgruppa 65-74 år.

Les meir om prioriteringslista her.