Me skal vaksinere fylgjande datoar:
Torsdag 26.august
Fredag 27.august
Torsdag 02.september
Fredag 17.september

Dersom timen du får ikkje passar er det fint om du kan finne ein anna dag utifrå dei me nevner over.

Vaksine til 16- og 17-åringar:
No når dei fleste har fått dose to skal me tilby 16- og 17-åringane i kommunen vaksine. Dei det gjeld vil få eit informasjonsskriv om dette i posten. Dei av dykk som ikkje er fylt 16 år når de får tilbydd time må ha underskrift av begge foreldra dykkar, på at det er greitt at de vert vaksinerte. De får med samtykkeark i brevet de mottek.
Les meir om vaskinering av 16- og 17- åringar her.
Vaksineringsdato for dykk vert 9.september frå 17-19 for dose 1 og 04.november frå kl. 17-19 for dose 2.

Vaksinering av gravide:
FHI går ut med ei oppmoding om at gravide i 2. og 3.trimester vaksinerar seg og me skal tilstreba at dei er fullvaksinert innan fødsel. Les meir om vaksinering av gravide her .