Stenging av drikkevatn frå Lærdalsøyri Vassverk

Vatnet er stengt i perioden onsdag 25. mai kl. 22.30 – 06.00.

Skulevegen vert stengt ved skulen onsdag 25. mai frå kl. 18.00 – 06.00

Heile Lærdalsøyri vest for Lærdal Bu- og omsorgsheim og ut til Habben vert utan vassforsyning på grunn av tilkopling av ny
stikkleidning i Skulevegen.

Hugs å tappe deg vatn til nødvendig bruk!

Når vatnet kjem attende, lat det renna litt i springen for å tømme røyrene for luft.

Tekniske tenester beklager ulempene dette måtte medføre.

 

Tips en venn Skriv ut