Treninga er open for alle, men det er ei nasjonal anbefaling med maks 20 deltakarar. Gymsalen er stor, så det skal gå fint å halde ein meter avstand. Hugs også på dette når de kjem og går til treninga. Dersom du har forkjølelsessymptom, eller på ein eller annan måte ikkje kjenner deg i form, må du halde deg heime. 
 
Hugs å ta med innesko og varme kle. 
 
Informasjon om Sterk og stødig vil heretter komma på Frisklivssentralen si Facebookside og på kommunen sin heimeside.