Tildeling av adresser

Adressering

Adresser skal tildelast bygningar som blir nytta til bustadføremål, fritidsføremål, næringsverksemd, offentleg verksemd og anna verksemd som tenar eit større publikum (idrettsanlegg, parkeringsanlegg, parkar osv). Det er viktig at adressene er logiske og at dei blir nytta slik at f. eks. utrykkingskøyretøy raskt finn fram til eigedomen.Kommunen har ansvar for tildeling av offisielle adresser.

Fleirbustadbygg og adressemerker
Leilegheiter i hus med fleire bustader skal, i tillegg til gateadresse, tildelast leilegheitsnummer (H0101, H0102 osv.) Desse skal ha adressemerke.
 
Kva betyr bustadnummeret?
Har du bustadnummer H0302, fortel det at leiligheiten din ligg i tredje hovudetasje og at den er nummer to frå venstre.
 
Omadressering
Omlegging av vegar og fortetting av bustader i eksisterande bustadområder utløyser ofte trong for omadressering. Kommunen ved Plan- og byggesaksavdelingen utarbeidar nye adresseplanar som blir sendt på høyring til berørte partar.Adresseendringar kan påklagast til fylkesmannen
Tips en venn Skriv ut