Lærdal kommune er ein del av søknadssystemet og første mottakar av søknaden for ordninga Tilskot til kulturbygg. Dersom det er fleire søknadar skal søknadane handsamast politisk gjennom vedtak av eiga prioriteringsliste som skal sendast Vestland fylke. 

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan og gjevast til etablering av livssynsnøytrale seremonirom. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

 

Kven kan søkje?


• kommunar, kommunale føretak og fylkeskommune
• frivillige lag og organisasjonar
• aksjeselskap (AS), allmennaksjeselskap (ASA), samvirkeføretak (SA) og andre   selskap med avgrensa ansvar (BA)
• stiftingar
• andre samanslutningar

 

Korleis søkje?

  • Søknadsprosessen skal gjennomførast via Anleggsregisteret.no
  • Første steg – Ta kontakt med Lærdal kommune – kulturkontoret som hjelper til med å registrere anleggsstad og opprette anleggsnummer – dette er ein føresetnad for å få byrje å registrere søknad.
  • Er anleggsstad og anleggsnummer allereie etablert kan søknadsprosessen iverksetjast via Anleggsregisteret.no og vidare til fana – Lokale kulturarenaer – og deretter til Søknadsskjema . For å få tilgang til søknadsskjema må ein bruke bank ID eller anna identifikasjonssystem som er akseptert.
     

Har du spørsmål til søknadsordninga, kan du kontakte rådgjevar for kultur Guro Nesse