Kulturmidlar

Lærdal kommune lyser kvart år ut kulturmidlar til frivillige lag og organisasjonar som arbeider innan kulturområdet i kommunen. I vurderinga av søknadane vil kommunen leggje særleg vekt på aktivitetsnivå, generell økonomisk evne og søkjaren sitt tilbod til barn og ungdom. Det vert arbeida med nye retningslinjer for kulturmidlar. Desse skal vedtas på utvalsmøte for levekår i april 2021.

Framlegg til nye retningslinjer for kulturmidlar februar 2021 PDF document ODT document

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar 2016-2020

Kultur- og idrettstipend for ungdom

Lærdal kommune lyser kvart år ut kultur- og idrettstipend for unge talent og utøvarar mellom 15 og 25 år. Føremålet med stipendet er å hjelpe unge, aktive kulturutøvarar til å søkje utvikling og framgang på sitt område. I tillegg vil stipendet stimulere til kunstproduksjonar, kunstutøving, idrettsprestasjonar eller utdanning innanfor kultur og idrett. Stipendet kan også tene som ein honnør for særleg innsats og til vidare inspirasjon. Ein kan søke sjølv eller kome med framlegg om andre kandidatar.

Retningslinjer for tildeling av kultur-og idrettstipend for ungdom