Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet blir årleg tilført midlar gjennom konsesjonsavgifta frå Østfold Energi. Desse midlane skal nyttast til næringsutvikling gjennom arbeid med næringsutvikling i kommunal regi eller tilskot til næringsdrivande. Under følgjer ei oversikt over dei ulike pottane, søknadsskjema og andre relevante dokument. Nedst på denne sida kan du lesa om gangen i søknadsprosessen.
Dei overordna vedtektene for fondet er lurt å setja seg inn i før ein søkjer om tilskot. I vedtektene blir det mellom anna oppgitt kva ein kan søkja om tilskot til, støtteandel og kva som blir lagt vekt på i vurdering av søknadane: Vedtekter nærings- og konsesjonsavgiftsfondet.
Det blir for kvart år vedteke ein rammeplan for nærings- og konsesjonsavgiftsfondet. Denne legge ramme for dei ulike tilskotspottane og øvrig bruk av fondet.
Ordinære tilskot
Frå denne potten kan ein hovudsakleg søkja om tilskot til:
- Bedriftsetablering
- Vidareutvikling av bedrifta
- Forstudie/forprosjekt
- Investering
- Kompetansehevande tiltak i bedrifta
Trykk på lenkja for å opna søknadsskjema, som kan lastast ned og fyllast ut: Søknadsskjema ordinære tilskot, næringsfondet
Tilskot til arrangementsutvikling
Les meir om denne potten ved å trykkja på lenkja: Retningslinjer for tilskot til arrangementsutvikling
Trykk på lenkja for å opna søknadsskjema, som kan lastast ned og fyllast ut: Søknadsskjema arrangementsutvikling
Tilskot til klimatilpassing og klimareduserandetiltak i næringslivet
Les meir om denne potten ved å trykkja på lenkja: Retningslinjer for tilskot til klimatilpassing og klimareduserande tiltak i næringslivet
Trykk på lenkja for å opna søknadsskjema, som kan lastast ned og fyllast ut: Søknadsskjema
Tilskot til landbruk
Pott for tilskot i landbruksrelaterte saker. Føringane for tilskot her ligg i Felles landbruksplan ÅLA 2018 - 2021.
For søknad om tilskot til investeringar, kompetansehevande tiltak, forprosjekt eller liknande, bruk same søknadsskjema som for «ordinære tilskot» (sjå lenger opp på sida)
For søknad om tilskot til dyrking, trykk på lenkja for å sjå søknadsskjema som kan lastast ned: Søknadsskjema dyrking
Saksgang ved søknad om tilskot
• Søknaden blir handsama i første styremøte i LNU (Søknad må vera inne ti dagarfør for å bli handsama) og deretter i første formannskapsmøte
• Vilkårsbrev som må signerast blir sendt ut på e-post dersom tilslag (her blir det sett ein sluttfrist for prosjektet/tiltaket)
• Dersom ein får ei forskots-/delutbetaling blir denne utbetalinga gjort kort tid etter vilkårsbrev er signert og innsend
• Sluttutbetaling blir gjort etter at sluttrapport og –rekneskap er innlevert