Tilsyn frå Fylkesmannen om kartleggingsprøver i småskulen

Lærdal kommune og grunnskulane har hatt tilsyn om gjennomføring og oppfølging av kartleggingsprøver, og det vart ikkje funne avvik!

I perioden 18. mars til 12. april er grunnskulane pålagde å gjennomføre kartleggingsprøver i lesing og rekning i småskulen. Prøver i engelsk og digitale ferdigheiter er frivillig. Føremålet med kartleggingsprøvene er å finne ut kva elevar som treng ekstra oppfølging for å utvikle grunnleggande ferdigheiter. Opplæringslova krev at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning i 1. – 4. trinn, raskt får ekstra hjelp.

Fylkesmannen har hatt tilsyn med Lærdal kommune om korleis arbeidet med kartleggingsprøver blir gjort når det gjeld desse punkta:

  • Oversikt over gjennomføring og resultat

  • Korleis foreldra får tilbakemeldingar etter prøvene

  • Korleis skulane nyttar resultata frå prøvene

  • Oppfølgingstiltak

  • Korleis skuleeigar tar ansvar for at kartleggingsprøvene vert gjennomført i tråd med retningslinjene

  • Korleis skuleeigar sikrar at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning raskt får hjelp

I det følgjande vert utdrag frå Fylkesmannen sin rapport sitert (henta frå ulike delar av rapporten):

Ut frå svara kommunen gir, får føresette skriftlege tilbakemeldingar om resultata gjennom fagsystemet Visma Flyt Skole og på foreldre/utviklingssamtalar om våren rett etter at kartlegginga er gjennomført. Føresette får skriftleg oppsummering ved skuleslutt.

Skulen nyttar rettleiing for å følgje opp kvar einskild elev sin manglande kompetanse vist på prøvene. Skulen vurderer annan organisering og vidare kartlegging. Grunna god lærartettleik i kjernefaga, kan ein organisere i mindre grupper etter behov. Skulen har utdjupa fleire konkrete pedagogiske hjelpetiltak som vert nytta på 1. – 3. trinn, m.a. individuelle tiltak, tilpassa oppgåver, øve med appar heime, lesekurs. Elevar, der iverksette tiltak ikkje har forventa verknad, vert tilmeld PPT for vidare utgreiing.

Rapporten frå kommunen syner at skulane har rutinar for informasjon og tilbakemelding til føresette. Fylkesmannen vurderer at kommunen og skulen sin informasjon til føresette er i tråd med det Utdanningsdirektoratet har gitt ut i høve informasjon om prøvene, jf. rettleiaren på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Prøvene vert følgt opp i etterkant med tiltak retta mot einskildelevar, og resultata fører til konkrete tiltak for elevar under bekymringsgrensa og endringar i rutinar.

Rapporten frå kommunen syner at skuleeigar informerer om kartleggingsperiode, gjennomføring og oppfølging. Det er tett dialog mellom kommune- og skulenivå og rutinane med kartleggingsprøvene er lagt inn i rektors årshjul.

Det er utarbeidd rutinar for vurdering av om elevane har tilfredsstillande utbyte av opplæringa og om elevane har behov for spesialundervisning.


Skuleeigar sikrar oppfølging gjennom gjennomgang av resultat og oppfølging med rektorane, informasjon på skulebesøk og årleg gjennomgang av elevar med behov for spesialundervisning.

Gjennom tolærarsystem og små elevgrupper har skulane i kommunen godt høve til å gjere raske endringar og finne fleksible løysingar etter behov.

 

Rapporten frå kommunen syner at den har tett oppfølging av skulen si gjennomføring av prøvene og dialog om tiltak som vert sett i verk. I vår vurdering ligg det at skuleeigar har eit sterkt fokus på å kvalitetssikre skulane si oppfølging og å setje i verk aktuelle tiltak.

 

Ikkje varsel om pålegg om retting

På bakgrunn av våre konklusjonar i rapporten, jf. kap. 3, 4 og 5, er det ikkje gjeve varsel om pålegg.

 

Tips en venn Skriv ut