Tiltak i Lærdalselva?

Kommunen mottek no mange søknadar for tiltak i Lærdalselva, og er kjend med at fleire er på veg. Me ynskjer her å minne om nyleg vedteken Forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget og krav til søknadar. Me vil oppfordre alle søkjarar om å sette seg inn i korleis dei ulike tiltaka er vurdert i planen, for å kunne grunngje søknaden godt. Me vil og rå til at de les spesielt vedlegg 3 grundig, som omhandlar kva informasjon som skal følgje søknaden.  Dersom søknaden er mangelfull, kan ikkje saka handsamast.  Me minner og om at alle sakene som gjeld Lærdalselva skal på høyring, og at det difor er viktig at de er ute i god tid med søknaden.  Til søknaden skal det og følgje liste over grunneigarar/naboar og fiskerettshavarar i tiltaksområdet.  Ta gjerne kontakt med Plan og Forvaltning, dersom det er spørsmål til innhald i søknadar.

Les forvaltningsplanen med vedlegg her (trykk på lenkene):
Forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget
Vedlegg 1-4
Kartvedlegg

Tips en venn Skriv ut