Årets TV-aksjon er tildelt Plan International

Dette går pengane til:
Kvart tredje sekund blir ei jente gifta vekk ein stad i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal me saman gje jenter moglegheita til å velje si ega framtid, og vie seg til livet.
Med årets TV-aksjon skal me nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.  

Me skal jobbe for at jenter får vera på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenter sine rettigheiter og i likestilling og at lovverket skal beskytte barn frå å bli gifta vekk. Barn skal få vere barn, ikkje brud.

Les meir om årets TV-aksjon og meld deg som bøssebærar her.