Uendra fartsgrense på E16 ved Ljøsne

Statens vegvesen ynskja å setje fartsgrensa forbi gamle Ljøsne skule til 70 km/t og sendte saka til høyring til kommunen.  Kommunestyret handsama saka og hadde følgjande vedtak:

"Kommunestyret vedtek at kommunen stiller seg negativ til å endre fartsgrensa på E16 på Ljøsne frå 60 km/t til 70 km/t.  Kommunen meiner det framleis må vera fartsgrense 60 km/t grunngjeve i landbruksdrift på begge sider av vegen, bustadhus på begge sider av vegen, og tett inntil vegen, fleire avkøyrsler på strekninga, stor fare for viltpåkøyrsle, smal veg utan skulder på delar av strekninga og auka støyproblematikk ved større fart."

På bakgrunn av negativ uttale frå kommunen, endrar ikkje Statens vegvesen fartsgrensa på Ljøsne.

Tips en venn Skriv ut