Ungdomsklubb

Føremål med tenesta

Lærdal kommunale ungdomsklubb, Kosen, skal legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Vi ønskjer å legge til rette for eigen utvikling, kreativitet og bevisstgjering.

Kven får tenesta

Kosen er open for ungdom i alderen 13-18 år (frå 8. klasse) og er lokalisert i Gamleskulen. Opningstider er tysdag og torsdag 18.30-22.00.

Kva omfattar tenesta

Klubben har ein viktig funksjon som uformell møtestad for ungdom. Her har ein aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel, TV spel osb. Det er kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop. Torsdagar vert det laga ulike matrettar som tacopita, pitapizza, baguettar, ostesmørbrød, osb. Kjellaren på Kosen vert nytta til bandøving av ungdom og sykkelverkstad. Tysdag går det ein buss og torsdag to bussar til Borgund etter klubben. Ungdomsrådet støttar denne tenesta og får midlar gjennom fylkeskommunen si støtteordning til lokale transporttilbod for ungdom.

Plikter til brukar

RØYKING, ALKOHOL OG ANDRE RUSMIDDEL ER FORBODE PÅ KOSEN SITT OMRÅDE. RUSA PERSONAR HAR IKKJE TILGJENGE TIL KLUBBEN SINE AKTIVITETAR.

Pris

Medlemskap kostar 200 kr for ungdommar på Øyri, 175 kr for ungdommar på Tønjum/Ljøsne og 150 kr for ungdommar på Borgund. Eigenandelen er differensiert grunna eigenandel på bussen. Ungdommar som nyttar buss til Erisida/Moldasida betalar det same som til Tønjum/Ljøsne. Medlemskap gjev gratis inngang og stemmerett ved val og allmøte.

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Kosen ungdomsklubb, Gamleskulen, 6887 LÆRDAL. Postadresse: Kosen ungdomsklubb, postboks 83, 6886 LÆRDAL. Telefon: 57 66 66 64. Klubbleiar: Veronika Bakken, telefon: 57 66 81 85

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Relaterte nyhende

Web levert av CustomPublish AS