Utdelinga vart gjort i kommunestyresalen av ordførar Audun Mo.

Dette er fyrste gong kultur- og idrettstipend for ungdom blir delt ut. Stipendet skal gå til unge talent og utøvarar mellom 15 og 25 år. Føremålet med stipendet er å hjelpe unge, aktive kultur- og idrettsutøvarar til å søkje utvikling og framgang på sitt område. I tillegg vil stipendet stimulere til kunstproduksjonar, kunstutøving, idrettsprestasjonar eller utdanning innanfor kultur og idrett. Stipendet kan også tene som ein honnør for særleg innsats og til vidare inspirasjon.

Årets stipendmottakar vart Jon-Hermann Hegg som dei siste åra har imponert stort innanfor idretten rifleskyting. I juli reiser han til Tokyo for å konkurrere i OL for det norske landslaget.

Lærdal kommune gratulerer så mykje med stipendet og ynskjer Jon-Hermann samtidig god tur og lukke til i OL!