Uveret Dagmar - status

Uveret "Dagmar" førde til at Lærdal kommune hadde store problem med kommunikasjon pga. straumbrot. Både internett og telefonnettet var ute av drift i store delar av kommunen. Det er ikkje rapportert om store skadar på kommunale bygg og anlegg.

Kommunen si kriseleiing hadde fyrst oversikt over situasjonen ettermiddag tysdag 27. desember.

 

Alle i Lærdal kommune har no fått tilbake straum.

 
Mobilnettet er fortsatt ustabilt i deler av bygdi.

Ved trong for hjelp ring :
Teknisk vakt på telefon 9705 7490
Heimesjukepleien sin vakttelefon 9581 9590
Legevakt 5766 9500 ved problem ta direkte kontakt med Lærdal sjukehus på telefon 5764 0113
Ordførar Jan Geir Solheim 9888 8800

Det er mykje oppryddingsarbeid som står att. Ver difor på vakt om du ferdast utandørs. Dersom det vert observert lause ting, ta kontakt med teknisk vakt. Lærdal Røde Kors har mannskap ute for å hjelpe til der det er trong.
Lærdal kommune si kriseleiing er framleis i beredskap. Teknisk drift og Pleie og omsorg har ekstra mannskap inne for å takle situasjonen. Det meste av den kommunale drifta går no som normalt.



 

 

 


 

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS