Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Gravferdslova § 21 fastsetter at kyrkjeleg fellesråd skal vedta kyrkjegardsvedtekter. Bispedømerådet skal godkjenne vedtektene. Desse vedtektene er vedteke av Lærdal kyrkjeleg fellesråd den 21.04.2005 og godkjende av Bjørgvin bispedømeråd den 03.08.2005.
§ 1 GRAVLEGGING Alle som er busett i Lærdal kommune har rett på fri grav på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ønskje. Dette gjeld òg om den døde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet. Dette gjeld også dødfødde når foreldra ønskjer det. Med heimel i gravferdslova § 6 kan også personar som har budd utanfor Lærdal kommune få gravplass i kommunen, etter særskild løyve frå fellesrådet. Det kan krevjast dekning av kostnadane ved gravferd og avgift som ved feste av grav. For at personar som ikkje er busett i Lærdal kommune skal kunne gravleggast må ein av kriteria nedanfor vere oppfylgd: Den døde må vere fødd eller oppvaksen i Lærdal. Den døde må ha ektemake/sambuar/nær slekt* som bur eller som er fødd/oppvaksen/gravlagd i Lærdal. Den døde må ha ektemake som har nær slekt* som bur eller som er fødd/oppvaksen/gravlagd i Lærdal. Ved tvilstilfelle får kyrkjeverja mynde til å nytte skjønn. * Sambuar vert definert som ein som levde saman med avdøde ved dødsfallet og som har hatt same adresse hjå folkeregisteret dei siste to åra eller som levde samen og hadde felles barn. Nær slekt vil seie born, føresette eller søsken.
§ 2 FREDINGSTID OG FESTETID Når er ei grav er teken i bruk skal det gå 40 år før ein føretek ny gravlegging i grava. Dette gjeld både kistegraver og urnegraver. Festetida for festa graver er 10 år.
§ 3 FESTE AV GRAV Ingen kan på førehand feste ei grav. Ved dødsfall og uttak av grav, er det høve til å feste (reservere) ei grav ved sidan av. Dersom ein ønskjer å feste fleire graver må det søkjast fellesrådet om dette. Desse gravene utgjer da ein gravstad. Når fredingstida for ei grav er ute, kan grava festast for 10 nye år. Etter 60 år, i høve siste gravlegging på gravstaden, kan ikkje feste verta fornya utan samtykke frå fellesrådet. For festa graver må ein betale gjeldande festeavgift vedteke av Lærdal kommune. Festar pliktar å melde frå om endring av adresse. I god tid før fredings- og festetida er ute skal festar varslast. Har ikkje festar fornye feste (betalt festeavgift) innan 6 månader etter forfall, fell gravstaden og gravminnet tilbake til kyrkjegarden. Fellesrådet kan overføre feste av grava/gravstaden til ander som ønskjer å overta feste. Ingen kan gravleggast i festa grav utan samtykke frå festar. Dersom festar sitt samtykk ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmål om gravlegging. Dersom den døde hadde festa eiga grav, kan den som har rett til å sørgje for gravferda jf kyrkjegardslova § 9, utøve dei rettane som er nødvendig for å gjennomføre gravferda.
§ 4 GRAV OG GRAVMINNE På grav kan det setjast opp gravminne som samsvarer med forskriftene til gravferdslova. Før gravminne vert sett opp, skal kyrkjeverja godkjenne gravminne. Kyrkjeleg fellesråd er ikkje ansvarleg for skade på lause eller monterte dekorgjenstandar på gravminne fôrutsaka av vanleg drift av kyrkjegarden. På Borgund kyrkjegard gjeld følgjande: På felt A og B på kyrkjegarden skal nye gravminne ha større høgde ein breidde, men elles samsvare med dimensjonane i gravferdslova sin forskrift. Stein skal vere i lys grå eller kvite, einsfarga bergartar. Det skal berre nyttast gravminne av verbestandig materiale. Det skal ikkje nyttast gravminne med uregelmessig form (skeiv dropeform og liknande). Gravminne skal ikkje vere utstyrt med lause eller påmonterte lamper eller pyntegjenstandar. På felt C skal oppsett av alle nye gravminne vere liggjande. Ein kan velje mellom fire ulike gravminne; ovale i to storleikar og firkanta i to storleikar. Gravminne skal festast med bolt oppå eit fundament som vert grave ned i jorda. Til det største gravminnet skal fundamentet ha desse måla; lengd 85 cm, breidd 60 cm og høgd 15 cm. Firkanta gravminne skal ha måla; lengd 75 cm, breidd 50 cm, høgd i forkant 5 cm og bakkant 15 cm. Til det minste gravminne skal fundamenta ha desse måla; lengd 60 cm, breidd 60 cm og høgd 15 cm. Firkanta gravminne skal ha måla; lengd 50 cm, breidd 50 cm, høgd i forkant 5 cm og i bakkant 15 cm. Det ovale gravminne skal tilpassast fundamentet slik at det kjem 5 cm innanfor ytterkant av fundamentet. Gravminne og fundament kan vere i ulike steinslag, i fargeskala svart til kvit. Sideflater kan vere saga og flamma, saga og slipt, polert eller naturplan. Gravminne eldre enn 50 år som er verna etter avtale med eigar eller som er i Lærdal kyrkjeleg fellesråd sitt eige skal ikkje fjernast frå kyrkjegarden. Ved ny gravlegging i tilhøyrande grav, er det ønskeleg å nytte desse gravminna opp att. På den delen av kyrkjegarden som er definer som mellomalderkyrkjegarden jf reguleringsplan vedteke 03.02.05, kan graver som ikkje har vore nytta etter 1945 berre nyttast til urnegraver, med ei urne i kvar grav. Desse gravene kan nyttast til kistegrav for ektefelle og ugifte barn som sokner til Borgund, og der gravene føre planvedtaket inngår i familiegrav. På ny gravstad vert gravminne plassert i bakkant av den første grava som er teken i bruk. Ansvarleg for grava kan sentrere gravminne ved neste gravferd dersom dette er ønskjeleg. Montering av gravminne kan tidlegast skje etter at jordhaugen er fjerna og grava er planert. I påvente av oppføring av gravminne kan den som er ansvarleg for grava ordne med eit lite trekors eller anna merke der namnet på den døde står oppført. Kyrkjetenaren vil setje dette opp. Det er kyrkjetenaren som syter for planering og tilsåing av grav etter gravlegging. Den som skal setje opp gravminne må ta kontakt med kyrkjeverja for å avtale oppsett av gravminne. Den som står som ansvarleg for gravminne må sørgje for at gravminne er forsvarleg sikra og rette opp gravminne dersom dette vert skakt. Er det mangel ved eit gravminne skal kyrkjeverja varsle den som er ansvarleg for gravminne og gje pålegg om utbetring. Dersom gravminne ikkje vert rettast opp etter pålegget, innan rimeleg frist, kan gravminnet leggjast ned eller fjernast. Ved oppseiing av feste og sletting av grav vil gravminne bli fjerna av kyrkjetenar etter 6 månader, med mindre ansvarleg for grava sjølv ønskjer å fjerne gravminne.
§ 5 PLANTEFELT Framføre gravminne er det høve til å opparbeide plantefelt. På grunn av drift og vedlikehald av kyrkjegarden må ein følgje nokre retningsliner. Plantefeltet må ikkje vere breiare enn gravminne, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Plantefeltet kan ikkje gå lenger fram enn 80 cm målt frå bakkant av gravminne. I plantefeltet kan det ikkje plantast vekstar som overstig gravminne si høgd, som går ut over plantefeltet eller som dekkjer til namnet til den døde. Det er ikkje høve til å nytte faste dekorgjenstandar i plantefeltet som t.d. blomsterurner, lykter med meir. Lause dekorgjenstandar skal plasserast slik at dei ikkje vert til hinder for det vanlege vedlikehaldet på kyrkjegarden. Den som steller grava må sjølv kantklyppa rundt gravminne. På Borgund kyrkjegard, felt C, er det høve til å opparbeide plantefelt framføre dei liggande gravminna som går 90 cm fram, målt frå bakkant av gravminne. Det er høve å plante planter som er høgare enn gravminne, men plantene bør ikkje overstige 40 cm. Dersom ein ikkje ønskjer å opparbeide plantefelt, vil kyrkjetenaren såtil inntil gravminnet. Det er høve til å ramme inn plantefeltet med delt flat natursteinkant, men denne må då flukte med bakken omkring og kan ikkje vere ein fast del av gravminne. Av om syn til brannfare er det ikkje høve å pynte grava med faklar eller lys med open eld. Gravlykter skal vere festa i bakken eller til gravminne.
§ 6 STELL AV GRAV Planter, kransar og liknande materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, må kunne komposterast. Det er den som pyntar grava som har ansvaret for å ta hand om eller fjerna gamle kransar. Kransar som bles vekk vil bli kasta av kyrkjetenaren. Ved gravferd vil kyrkjetenaren fjerne kransane dersom pårørande ikkje har gjort dette etter 10 dagar. Sløyfene føl kista ned i grava.
§ 7 BÅREROM Kyrkjeleg fellesråd disponerer båreromma. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på døde. Dersom desse romma skal nyttast til noko anna, kan dette berre skje etter samtykke frå fellesrådet. Liksyning kan berre føregå etter samtykke frå den som har rett til å sørgje for gravferda. Bårerommet skal vere låst ved oppbevaring av døde og ingen har tilgjenge til bårerommet utan løyve.
§ 8 NÆRINGSVERKSEMD Den som ønskjer å drive næringsverksemd (sal og vedlikehald av gravminne og avtalar om stell av graver) må innhente løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan trekkjast inn dersom vedkommande ikkje rettar seg etter gjeldande reglar og vedtekter.
§ 9 VERN AV GRAVMINNE Kyrkjeleg fellesråd har vedteke å verne nokre av gravminna på kyrkjegardane og desse vert definert som verna gravminne. Verna gravminne er merka av i gravregisteret. Kvar enkelt gravfestar som vert omfatta av verneplan har fått særskild melding om vern av gravminne og må gje samtykke til vern. Gravene kan framleis nyttast til kiste- og urnegraver. Ved gjenbruk av grav kan gravminne nyttast vidare ved at ny tekst vert innsett på baksida av gravminnet, samstundes som gravminne vert snudd. Dersom det er plass, kan ny tekst monterast på steinen eller på steinplate som vert festa til den gamle steinen. Alternativt kan det leggjast ned ein steinplate på bakken framom støtta med ny tekst. Steinplata må ikkje vere breiare enn støtta, og kan gå maksimum 50 cm ut frå denne. Det kan setjast opp nytt gravminne saman med den gamle støtta etter følgjande retningsliner: Støtta skal monterast rygg mot rygg på same fundament. Ny støtte skal ha eit materialbruk og format som samsvarer med den verna støtta, men kan avvike frå denne i detaljutforming. Ny støtte skal monterast med tekstside mot gravopning, gamal støtte med tekstside mot gravrekkja bak.
§ 10 MINNELUND På Hauge kyrkjegard der det teke i bruk ein del av kyrkjegarden til gravfelt for dødfødde born og foster. Feltet kan òg nyttast til anna anonym gravlegging dersom det skulle vere trong for det. Gravfeltet er ei form for anonym fellesgrav der dei som vert gravlagt ikkje får noko eige gravminne med namn og data. I staden vert det sett opp felles minnesmerke, ein gravstein for heile feltet. Fredingstida for dette feltet er 20 år. Det skal ikkje betalast festeavgift for gravene. Når fredingstida er ute går grava attende til kyrkjegarden.
Publisert: torsdag 30. september 2010, 09:13
Oppdatert: torsdag 30. september 2010, 09:36
Skrevet av: Jon E Tamnes
