Venskapsveke ved Lærdalsøyri skule

Lærdalsøyri skule

Pressemelding

Lærdalsøyri skule skal arrangere ei vennskapsveke i veke 17, og me vil bruka heile veka frå måndag til torsdag på dette temaet. Det er tredje gongen me har ei slik veke, og sist gong var heile skulen med, og det ynskjer me i år og. 
Timeplanen vert løyst opp og me vil ha grupper på tvers av dei ulike trinna (1-4 kl., 5-7 kl. og 8-10 kl.) og grupper på tvers av heile skulen. Me ynskjer å invitere Ljøsne skule 2 av dagane, slik at me skal få ein lettare overgang for alle, sidan skulen deira skal leggast ned frå hausten av, og dei skal komma til vår skule. Desse dagane vil vera eit fint høve for å knyta venskapsband og skapa tryggleik for alle. I tillegg har me fått nye flyktningar inn i mange av klassane våre, so dette vert ei viktig veke for dei og. Borgund skule vert også inviterte ned til oss onsdag og torsdag. Alle dagar skal me ha felles lunsj i storstova vår, der me legg vekt på rett kosthald, gode matvanar og god folkeskikk.

Skulen vår har fokus på Trivsel, Tillit og Tryggleik, og me vil gjerne jobbe meir med dette blant våre elevar slik at det vert trygt og godt på skulen vår, og slik at læringsmiljøet vårt vert enno betre. Helsesøstrene ved skulen, miljøterapeut , alle lærarar og andre tilsette vil vera med oss heile veka og me skal sette fokus på psykisk helse, fysisk helse og venskap for me veit at dette er viktige faktorar for å få til ein god skule. Me er ein flott gjeng med engasjerte og gode kollegaer som ynskjer elevane våre det beste.

Mål henta frå kunnskapsløftet, læringsplakaten:
-    Sikre at det fysiske og det psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring (oppl.l kap 9a) 
-    Gje alle elevar like moglegheiter til å utvikle sine evner og taleter individuelt og i samarbeid med andre (oppl.l.§ 1-2 og kap.5, og læreplanverkets generelle del)
-    Stimulere elevane i deira personlege utvikling og identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokrati forståing og demokratisk deltaking (oppl.l.§ 1-2 og læreplanverkets generelle del)


Mål denne veka:
•    Leggje til rette for å skape gode relasjonar mellom elevane på dei ulike trinna og på tvers av skulen for å få eit betre læringsmiljø. 
•    Saman med elevane vil me setje fokus på eit trygt og godt miljø som gjev rom for å bli enno betre kjende  og trygge på kvarandre  
•    Elevane skal få sunn og næringsrik lunsj (fellesmåltid) kvar dag i den flotte storstova vår
•    Elevane skal samarbeide og bruka sine evner saman med andre

Opplegg for veka:
Måndag startar me med ei høgtidleg opning ved rektor i Storstova. Me vil informera elevane om temaet og opplegg for venskapsveka. Måndag og tysdag vert det fokusert på nettvett, musikk, dans, legodakta, leik og fysisk aktivitet, måling av venskapsbenker, måling av bingen, ordne opp på uteområdet vårt, plante og leika saman. Det vil også vera høve til å spele brettspel og pusle puslespel i vestibylen heile denne veka. I tillegg vert det fokus på litteratur sidan 2017 er «Litteraturen sitt år», og dei største borna skal lese for dei minste. På onsdag vert det kino for alle, og me skal sjå filmen «De tøffeste gutta». På torsdag er det «Litteratursti» og felles grilling før me avrundar og oppsummerar venskapsveka vår i storstova. Kanskje me får litt «smakebitar» frå arbeidet som er gjort i løpet av veka. Denne veka vert det også dansetilbod til elevane på kveldstid. Dette kurset er gratis og for alle, men elevane må melde seg på. DUG «Dans Utan Grenser» vil stå for opplegget og tanken er at me skal få eit slikt tilbod oppe å gå for borna her i Lærdal. Me ser på dei andre kommunane rundt oss kor populært og viktig eit slikt tilbod har vore, so no ynskjer me i samarbeid med Helsetenesta i Lærdal å sparka i gang dette. 

I løpet av denne veka skal me setta fokus på vennskap og at elevane ser ulikheitar hjå kvarandre og at dei ser det som ein styrke.

Me håpar at dette vert ei innhaldsrik og flott veke for elevar og lærarar og at me knyter sterkare band oss mellom, som vil bere frukter inn i klasseromma

Håpar at pressa set av tid til å besøka oss, og setta fokus på dette viktige arbeidet me gjer ved skulen vår! 

Dersom de ynskjer å ta kontakt eller har spørsmål kan de berre ringe til rektor Gunn Beate Sjøthun 93 49 92 46 eller leiar av venskapsgruppa Monica Hille mobil 91 54 11 78 eller kontoret vårt 57 64 13 33.

Tips en venn Skriv ut