Vil du være bøssebærar?

tva_hovedlogo_2017_rgb[1]

Kommunekomiteen i Lærdal oppmodar deg til å vere med å gå den viktigaste søndagsturen i året. Bøssebærarane er dei viktigaste hjelparane i TV-aksjonen, for utan dei vert det ingen TV-aksjon.

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn ramma av krig og konfliktar. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 22. oktober.

Når barn i krig og konfliktområde ikkje får utdanning, står eit heilt land si framtid på spel.TV-aksjonen skal gi utdanning og håp til barn der det enno er krig og konfliktar.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF arbeidar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av vaksne sine krigføringar og konfliktar.

TV-aksjonen 2017 skal gi utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

Du kan melde deg som bøssebærar til Lærdal kommune på telefon 57 64 12 00, eller på e-post til post@laerdal.kommune.no Du må vere fylt 18 år for å kunne registrere deg som bøssebærar.

 

Tips en venn Skriv ut