Vinnar av fotokonkurransen og mengde metallskrap samla inn i Lærdal

Ryddeaksjonen

Lærdal kommune arrangerte i april/mai ein fotokonkurranse under Ryddeaksjonen 2019 og Vårryddeaksjonen "Hald Grøne Lærdal Rein", der me oppfordra folk til å ta bilde under ryddinga, leggje ut på sosiale mediar og merke med #GrøneLærdal og #heileLærdalryddar.  Hrafnhildur Yr Elvarsdottir tok oppfordringa medan ho rydda langs Mosvegen på Ljøsne under vårryddeaksjonen, og vart vinnar av fotokonkurransen 2019!  Ho kan glede seg over eit gåvekort på FK Butikken i Lærdal på 1000 kr. 

Under den store metallskrapinnsamlinga i Lærdal, vart det samla inn heile 169 tonn metallskrap frå innmark og utmark, langs vegar og i hagar i Lærdal! Kommunen er svært nøgd med oppslutnaden, og takkar innbyggjarane som deltok, Simas AS og Oskar Brugrand AS for godt samarbeid under aksjonen.

Kommunen er i gang med fleire tiltak for å rydde i Grøne Lærdal, oppdateringar kjem på heimesida til kommunen etter kvart som tiltaka er klare.

Tips en venn Skriv ut