Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjon om koronaviruset

17.11.21 kl. 15.00: Smittesituasjonen i Lærdal

Det blei påvist eit nytt smittetilfelle i går i tilknyting til familie der det er smitte frå før. Status for tal smitta sidan utbrotet blei oppdaga er 45, og av desse er 41 bekrefta med PCR.

Koronavirus

Oppdatert 12.11.21 kl. 13.00: Smittesituasjonen i Lærdal

Det er påvist to nye smittetilfelle i dag med hurtigtest. Begge dei smitta er vaksne i familiar der det tidlegare er påvist smitte. Totalt sidan smitteutbrotet blie oppdaga 1. november er det påvist 41 smittetilfelle med hurtigtest, og av desse er 38 påvist med PCR.

Koronavirus

Oppdatert 11.11.21 kl. 14.00: Smittesituasjonen i Lærdal

Status når det gjeld påviste smittetilfelle har ikkje endra seg sidan i går.

Det er framleis 39 som har fått påvist smitte med hurtigtestar, og av desse er det 36 som er bekrefta med PCR.

Koronavirus

Informasjon om 3. dose koronavaksine

Me byrjar å gje 3. dose med koronavaksine til dei over 65 år den 22. og 23. november. Time vert sendt på SMS eller gitt over telefon. 

Det skal gå minst 6 månader frå 2. dose til 3. dose kan setjast. Det betyr at dei som blir kalla inn i fyrste omgang fekk 2. dose  koronavaksine i april eller tidlegare.
 
Det må gå minst 1 veke mellom influensavaksinen og koronavaksinen.

 

Koronavaksine