Lærdal kommune er med og målet med reforma er at eldre kan meistre livet lenger og ha ein trygg, aktiv og verdig alderdom. Meir konkret skal Leva heile livet bidra til:

  • at eldre får fleire gode leveår der dei beheld god helse og livskvalitet, meistrer eige liv og får den helsehjelpa dei treng – når dei har behov for det
  • pårørande som ikkje vert utslitne, og som kan ha ein jamn innsats for sine næraste
  • tilsette som opplev at dei har eit godt arbeidsmiljø, der dei får nytta kompetansen sin og får gjort ein fagleg god jobb