Katastrofebrann i Lærdal

Pressekonferanse på Lærdal sjukehus, biblioteket trede etasje klokka 08.00

 

 

PRESSEMELDING

Først: Tankane vår går no til alle dei som har mista heimane sine og sit oppe i ein svært vanskelig situasjon. De skal vite at me tenkjer på dykk. Kommunen vil i samarbeid med dei rette instansar ha ei særskild oppfylgjing til dei som no er ramma. Samstundes er me glade for at ingen liv har gått tapt i natt.

Vi har ein svært alvorleg situasjon i Lærdal kommune. Vi har hatt ein storbrann på Lærdalsøyri.  Mange familiar har mista heimen sin. Nokre innbyggarar har vorte utsett for mykje røyk. Desse er fylgt godt opp ved Lærdal sjukehus. Innbyggarane på Lærdalsøyri er evakuert.

Klokka 07.00 var minimum 23 bygningar brunne ned og totalskadd. Synfaring i dagslys vil gje oss eit meir presist omfang av skadeomfanget.

16 av desse bygningane er bustadhus. Resten er industribygg,  to er forsamlingshus og fleire er feriebustader. I tillegg kjem mindre brannskader på fleire andre hus.

Minst tre bygningar i verneområdet på Lærdalsøyri er nedbrent.  Eit av desse husa hadde status som freda.

Ifølge overlege Truls Hjellestad ved Lærdal Sjukehus har rundt 300 personar vore til vurdering på Lærdal sjukehus i løpet av natta. 52 personar har vore innlagt eller sendt vidare til andre sjukehus.

Kommunen sette kriseleiing cirka kl. 23.30

Alt tilgjengeleg mannskap har vore i funksjon sidan då.  Over 100 innsatspersonell har vært i innsats. Lærdal har fått assistanse frå brannskap og politi fra Bergen og Voss i vest, til Gjøvik og Fagernes i aust. I tillegg til fleire av nabokommunane i Sogn.

Kriseteamet vil vere i funksjon så lenge det er nødvendig.

Lærdalsøyri er evakuert frå Hansegardsvegen og vestover  til fjorden – mange hundre personar. Totalt har Lærdalsøyri  har kring 1200 innbyggarar. Dei  evakuerte er sendt  til fleire mottaksplassar  i Lærdal og i nabokommunen Aurland.  Politiet eller Røde Kors er på alle dei stadane innbyggjarane er evakuert.

Me veit ikkje enno når innbyggarane kan flytte heim.

Straumen er vekke frå Lærdalsøyri pga. brannen. Det kan i verste fall ta dagar før straumen er attende. Mobilnettet er nede. Det er på veg inn mobile mobilstasjonar. Når mobilnettet er oppe, er foreløpig uvisst.

Brannen var meldt stabil kl. 06.30. Det er store fare for at den blussar opp att.

Kommunen vil gjere det vi kan for å gje best mogleg omsorg og omtanke i denne vanskelege situasjonen. I tillegg må alle ta omsorg for kvarandre. Me veit at folk i Lærdal er flinke til å stilla opp for kvarandre.

Kommunen vil også i lag med politiet ha ei særskilt oppfylgjing  til som har mista husa sine om kva som vil skje framover.

Eg vil takka manskapa frå eigen kommune, nabokommunar, frivillige, politi, Lærdal sjukehus og andre, som har vore på jobb i mange timar i natt. Dei har gjort ein imponerande innsats.

Vi vil ha ope hus frå klokka 11.00 i ungdomshuset på Tønjum – Tinghall. Der vil kriseteamet til kommunen vera til stades.

Ordføraren i Lærdal
Jan Geir Solheim

19.01.2014