14. nov. 2020 kl. 09:02

Informasjon om Koronaviruset

Les mer

Kurs i depresjonsmestring

Kid 2
Kven er kurset for?
Kurs i mestring av depresjon – KID er utarbeida for personar over 20 år som i periodar kjenner seg nedstemt eller er deprimert (lett- moderat) på ein slik måte at det går utover livskvalitet og funksjonsevne.
Symptoma kan vere:
Fråvær av glede
Tilbaketrekking
Kjensla av å vere verdilaus
Lite initiativ
Konsentrasjonsvanskar
Tristheit
Søvn – problem
Uro
Grubling
Irritabilitet
 
Kva går kurset ut på?
Kurset er bygd på kognitiv, sosial læringsteori. Kursdeltakaren  vert undervist i å verte merksam på tankane sine og å sjå samanheng mellom tankar og kjensler. Deltakarane får opplæring i bruk av metodar og teknikkar for å vurdere, kjenne att, og endre tanke- og handlingsmønster som opprettheld og forsterkar nedtryktheit/ depresjon. 
Det er ikkje nødvendig å fortelje om eigne problem i gruppa, men kursdeltakarane må arbeide med desse heime ved hjelp av metodar og teknikkar som læres på kurset. Heimearbeid er ein viktig del av kurset.
Kursboka, « Å meistre depresjon», nyttast aktivt også i heimearbeidet.
 
Målet med kurset:
Redusere graden av nedtryktheit/ depresjon
Redusere varigheita av depresjon
Redusere dei negative kjenslene av depresjon
Førebygge nye episodar med depresjon
 
Praktiske opplysningar: 
Kurset går over 8 veker, 1 gong a 2.5 timar per veka. Etter kurset er det oppfølgingsmøter etter ca. ein til to månader.
Det er frå 8 – 10 deltakarar på kvart kurs. Kurset vert leda av godkjent kursledar, Unni- Mette Flæthe og May Britt Martinsen.
Kursboka, « Å mestre depresjon» kostar kr 500,- må betalast kontant fyste dag.
 
Kurset startar i veke 2, tysdag 07.01.20, kl. 16.00 – 18.30. (med atterhald om nok påmeldte).
Påmeldingsfrist: 30 november. 
Kurset vert halde på Aurland Fjordsenter, 2. etasje.
 
Ta kontakt med rus og psykisk helse for påmelding: 
Fjordsenteret, 2. etasje 
Onstadvegen 25
5745 Aurland
Tlf. 95984645
 
Meir informasjon om KID kan du få ved å gå inn på: https://www.psykiskhelse.no/