Vil du snakka med Audun og Jan Olav?

Kaffi
26. februar 2020

Politisk leiing i kommunen ønskjer å ta opp att ein gammal tradisjon der du som innbyggjar blir invitert til ein prat med ordførar og varaordførar. Der kan du komma med spørsmål, ros eller ris, så prøver me så godt me kan å svara, eller ta saka med oss til meir utgreiing.

Torsdag 27.02.2020 kl. 18.00 - 20.00 sit karane i 1. etasje på rådhuset. Det kan bli kaffi og kake.