Lyst til å vera veterinær i Sogn

Annonsefoto_veterinær

Det er ledig stillingar som veterinær både i:
Vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland og 
Vaktdistrikt Luster, Sogndal og Leikanger

 

Sogn ligg vakkert til innerst i Sognefjorden. For friluftsinteresserte er det eit ypparleg utgangspunkt for fantastiske naturopplevingar, både sommar som vinter med jakt, fiske, skisport, fjellvandring, fjellklatring og padling. Indre Sogn har og eit rikt kulturtilbod, med aktive lag og organisasjonar.

 
Det er ledig stillingar som veterinær både i:
Vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland og 
Vaktdistrikt Luster, Sogndal og Leikanger


Kommunane har ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt. Ordninga med veterinærvakt er etablert i høve lov av 15.juni 2001 nr 75 om veterinærar og anna dyrehelsepersonell §3a. Begge vaktdistrikta har tredelt vakt og ein kontraktsperiode frå 1.1.2018-31.12.2021. 

Veterinær i kombinert praksis for Årdal, Lærdal og Aurland: 
Til denne vakta treng me to nye veterinærar,  med start frå januar 2020.
 
Om vaktdistriktet
Me har ein god del småfe – sau og geit, nokre storfebesetningar.  Det er sesongbasert arbeidsoppgåver med travel lamming, roleg sommar og inseminering på storfe vinterstid. 
 
Vakt distriktet kan tilbyr kommunal støtte til vakt på dagtid.  Veterinærar i vakta har tilgang på godt utstyrt klinikk for diagnosering og behandling av kjeledyr. Fordelinga kjeledyr-produksjonsdyr er ca 50/50. 
 
Dersom du har lyst til å komma til Lærdal å delta i veterinærvakta, ber me om at du melder di interesse snarast og innan 15.januar 2020. For meir informasjon ta kontakt med landbrukssjef Magnhild Aspevik på telefon 57641200 eller på e-post til post@laerdal.kommune.no
Veterinær Ingrid Hval kan og kontaktast på tlf 90108469.
 
Kontaktinformasjon
Lærdal kommune, boks 86, 6886  LÆRDAL
Telefon: 57641200
E-post: post@laerdal.kommune.no
Søknadsfrist 15.1.2020

Veterinær i kombinert praksis for Luster, Sogndal og Leikanger: 
Til denne vakta er det behov for eit vikariat for minimum eitt år med start snarast.

Om vaktdistriktet
Det nordlege vaktdistriktet har både småfe- og storfebesetningar. Arbeidsoppgåvene er prega av sesongvariasjonar med travel lamming, rolegare sommar og inseminering vinterstid. Her er variasjon med både store og små besetningar.
 
I tillegg til betaling for vakter, får veterinærane som deltek eit kommunalt tilskot som blir delt basert på vaktturnus. Veterinærar i vakta har tilgang på eit felles kontor i Gaupne som kan utviklast mot behandling av kjeledyr. Eit tilbod retta mot hest er også etterspurt i distriktet.  
 
Dersom du har lyst til å kome til Sogn og delta i veterinærvakta, ber me om at du melder di interesse snarast og innan 15.januar 2020. For meir informasjon ta kontakt med landbrukssjef Magnus Snøtun på telefon 57685583 eller på e-post til post@luster.kommune.no
Veterinær Oddfrid Vange Bergfjord kan og kontaktast på tlf 99519723.
 
Kontaktinformasjon
Luster kommune
Telefon: 57685500
E-post: post@luster.kommune.no
Søknadsfrist 15.1.2020