Me ynskjer at det skal vere ryddig og reint i Lærdal kommune

Lærdalsøyri i mai


Teknisk drift vil oppmoda alle om å klippe hekkar og busker som kan vere til hinder for nødvendig sikt i vegkryss og langs veg, då dette kan føre til trafikkfarlige situasjonar.
Det er òg eit ynskje at det ikkje vert unødig parkering av bilar eller anna ute i kommunale gater og område.  Blant anna fordi det skal være framkomeleg for uttrykkingskøyretøy, og då det kan og skape trafikkfarlige situasjonar ved at ein ikkje ser at ungar eller andre personar som kjem ut i vegen bak bilar. 

Vi oppmodar vidare òg om at avskila bilar, hengarar, og anna som er plassert på kommunale plassar og område rundt om i bygda, vert fjerna av eigarane. 

Me ynskjer alle at kommunen skal stå fram som ei ryddig, rein og som ei attraktiv bygd for innbyggarar og tilreisande.