Vil du vera meddommar i lagmannsretten, tingretten eller jordskifteretten?

Dommarar

Er dette noko du kan tenkja deg? Send ein e-post til politisk sekretariat innan 15. mai 2020:  jorunn.hatlevoll@laerdal.kommune.no

Kommunestyret i Lærdal skal etter reglane i domstollova velja meddommarar til tre ulike rettsinstansar:
·         Meddommarar til lagmannsretten – 1 kvinne og 1 mann
·         Meddommarar til tingretten – 3 kvinner og 3 menn
·         Meddommarar til jordskifteretten – 3 kvinner og 3 menn
I tillegg skal kommunen fremja forslag til 4 skjønnsmedlemmar som skal veljast av fylkestinget.

Meddommar
Som meddommar spelar du ei viktig rolle i rettssystemet vårt. Meddomarar har same ansvar og mynde som domstolens fagdommar i den enkelte sak. Det er ikkje noko krav til meddommarens faglege bakgrunn, men du må vera fylt 21 år og vera under 70 år, ha stemmerett og vera valbar til kommunestyret. Du må vera norsk eller nordisk statsborgar eller registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra. Det er også eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare vert det stilt krav om lekdommarens lovlydigheit, sjå domstollova § 72.
På domstol.no finn du informasjon om kva det vil seia å vera meddommar. Sjå mellom anna: https://www.domstol.no/meddommere/

Skjønnsmedlem
Skjønnsmedlemmane kan langt på veg karakteriserast som ein type sakkyndige meddommarar. Dei deltek både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten i rettslege skjønn og overskjønn (skjønn i lagmannsretten). Slike skjønn er ei form for rettargang der føremålet som regel er å fastslå verdien av eller rettigheiter i fast eigedom. Skjønn brukast mest i samband med oreigning og når område blir verna etter lov om biologisk mangfald. Skjønn kan også brukast i samband med erstatning etter naturskade.