Velkomen tilbake til 5. - 10. klasse

Lærdalsøyri skule

Oppvekst Borgund opnar måndag 11. mai

Lærdalsøyri skule opnar tysdag 12. mai

 

Skulane i Lærdal ser fram til å få attende alle elevane. Det vert jobba hardt for å kunne ta imot dei på ein trygg og god måte, med nye krav til gruppestorleik, hygiene og reingjeringsrutinar. Arbeidet bygger på rettleiarane frå Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet.

 

Ein tar utgangspunkt i tre viktige prinsipp for å unngå smitte:

1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen

2. God hygiene

3. Redusert kontakt mellom personar

 

Til punkt 1, «sjuke personar skal ikkje vere på skulen», er dette utdjupa på denne måten i rettleiaren:

Elever og ansatte skal selv med milde luftveissymptomer og sykdomsfølelse, ikke møte på skole/SFO. De skal holde seg hjemme til de har vært symptomfrie i 1 døgn.

 

Det vert utarbeidd nye rutinar for god hygiene, og det vil også bli utarbeidd ny reinhaldsplan. Det er viktig at de heime følgjer opp med handvask før elevane drar til skulen og når dei kjem heim att.

Elevane vil bli delte opp i faste grupper. Dei vil ha faste lærar(ar) i så stor grad som mogleg.

Organisering i kohortar og oppmøteplass vert informert om klassevis.

Rettleiaren frå Udir/FHI rår til at elevane ikkje bruker skuleskyss dersom dei kan unngå det. Om barn likevel må ta skulebuss, vil kommunen vere i dialog med busselskapet om at dei sit spreidde og at reinhaldet vert forsterka. Skuleskyssen går som vanleg.

 

Vi håper på eit godt samarbeid om trygg skulegang og ynskjer hjarteleg velkommen tilbake til skulen!

 

Beste helsing                                                     

                                                                           

Torfinn Grøttebø                                                Solveig Grøthe

Rektor Oppvekst Borgund                                 Rektor LØS