Besøk på bu og omsorgsheimen

LAS

Kjære besøkande!

Hjelp oss å halde covid-19 ute frå Lærdal bu og omsorgsheim!
Når vi no opnar for pårørande igjen kan få besøke sine kjære, lyt vi gjere dette i lys av nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet.  Derfor set vi ned følgjande reglar for besøk:

 

I samsvar med nye retningsliner frå Helsedirektoratet vedrørande besøk på sjukeheim er retningslinene som følgjer:

Besøk skal avtalast med besøksvert på telefon: 404 00 539 man.- fre. på dagtid.
Besøkstida vil vere: Måndag - fredag: 11:00-13:30
  Søndag: 14:00 -18:00
Besøkande skal nytte avtalt inngang, og vente på besøksverten der. 
Besøkande skal utføre handhygiene før dei går inn på LBO.
Alle besøkande må avgrensast til eit minimum.
Besøkande får ikkje opphalde seg i fellesareal.
Besøkande skal halde to meters avstand til andre, og ikkje ha fysisk kontakt med den dei besøker.
Besøket vert avgrensa til 20 min. 
Det vert ikkje høve til å nyte mat og drikke under besøket.
Besøksverten lyt vere til stades for å sjå til at smitteverns reglane vert følgt,  samt legge til rette for at besøket vert
  avvikla. 
Besøkande må gje beskjed til Lærdal bu og omsorgsheim dersom ein vert sjuk i løpet av dei to første døgna etter
  besøket. 
Det vert ført besøkslogg, for å sikre smittesporing i etterkant.