Presisering med omsyn til stenging av rådhuset

Lærdal rådhus


For å ha kontroll på kven som er innom rådhuset har vi vidareført generell stenging fram til 15. august. Dette er delvis grunna koronasituasjonen me er inne i og delvis grunna at me går inn i ein sommarperiode med medfølgande redusert bemanning. For å sikre at alle skal få hjelp på rådhuset ynskjer me difor at alle har reservert timar på førehand. Me jobbar også med å få på plass timebestilling på nett, dette vil gjere det enklare for innbyggjarane våre å bestille time med sakshandsamar. Det vil også vere mogleg å bestille time via telefon. Ein kan nå NAV-kontoret i deira kanalar på telefon 55 55 33 33 og på www.nav.no via Dialog, Chat og spør oss.
 
Når rådhuset etter kvart opnar vil det framleis vere stengt opp i etasjane, alle må henvende seg i servicesentralen. Dette er eit tiltak for å sikre at me kan overhalde lovverket rundt personvern samt at me må ha kontroll på kven som er i bygninga ved ei eventuell evakuering. Tiltaket har vore planlagt i lenger tid og vil vera permanent – dette har altså ikkje med koronasituasjonen å gjera.
 
Me ynskjer at det skal vere enkelt for innbyggjarane våre å få hjelp med sine problemstillingar. Ved å ha timebestilling sikrar me at sakshandsamarane er førebudde til møta og me unngår bomturar på rådhuset der aktuell sakshandsamar ikkje er til stades.