Sommarles - ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse

Sommarles

No er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.-klassingar i Lærdal vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 130 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt. Alle 1.-7. klassingar i Lærdal får i desse dagar informasjon om kampanjen og alle får med seg eit følgjebrev heim. Det er Lærdal folkebibliotek som administrerer kampanjen.

 

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

-  Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.

- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket frå 3. august!

- Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.

- Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.