Formannskapet i Lærdal handsama framlegg til investeringsprogram for fylkesvegnettet i møte 17. mars 2022. Dei vedtok her å spele inn enno ei gong at ny Øye bru og ny gang- og sykkelveg på fylkesvegen Skulevegen - Ofta er 1. prioritet for naudsynte prioriteringar for investeringar på fylkesvegane i kommunen. Denne strekninga ligg i dag inne i investeringsprogrammet i såkalle "kanskje"-post, og det er viktig for kommunen å få fram at dette er eit prosjekt som no har venta i mange år, og treng å bli prioritert i næraste tidsperiode. Les heile sakspapiret frå formannskapet her. 

Kommunen har tidlegare i planprosessen spelt inn fleire viktige investeringsbehov på fylkesvegane i Lærdal, og desse vil det og bli arbeida for å få prioritert i neste runde. To oppgraderte bruer på Øvre Kvamme i Borgund ligg allereie inne i investeringsprogrammet.

Alle kan levera innspel til investeringsprogrammet for fylkesvegane, også privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar. Når investeringsprogrammet for fylkesvegane i heile Vestland skal vedtakast, kan lokalt engasjement verte avgjerande for kva saker som vert prioritert.

Les meir om Regional Transportplan for Vestland og investeringsprogrammet her.