Faren for radioaktivt nedfall i Noreg er liten. 
Skulle det likevel hende, kan vi med enkle tiltak redusere konsekvensane.
 
Dei vanlegaste tiltaka vil vere:
1. Syt for at du har naudsynt beredskapslager i heimen for at familien kan halde seg innandørs i minimum 2 dagar.
 
2. Er du mellom 18 og 40. Ha jodtablettar i beredskap i heime.
- Kommunen har beredskapslager for jodtabletter til alle under 18 år, gravide og ammande.
- Kommunen deler ut jodtablettar til disse når det er nausynt. Det vil opprettast eigne hentestasjoner.
- I tillegg vil born få jodtablett i skule og barnehage dersom utdeling skal gå føre seg i skuletid.
- Ta jodtabletten når kommunen gjev beskjed om det. Du får då ein SMS.
- Å mette kroppen med jod i samband med eksponering gjev vern mot å lagre radioaktivt jod i skjoldbrukskjertelen og vernar soleis mot kreft i skjoldbrukskjertelen. Kroppen vil då raskt
  skille ut det radioaktive jodet.
 
3. Hald deg innandørs når du får varsel om det.
- Å halde seg innandørs gjer vern mot å puste inn radioaktivitet i lufte, få kontaminert klede og liknande.
 
Alle kommunen sine innbyggjarar vil få varsel på SMS med informasjon om kva dei skal gjere om det vert fare for nedfall i vårt område.
Det er viktig at alle forstår at dette er av beredskapsomsyn. Ein skal IKKJE ta jod for sikkerheits skuld. Vent på beskjed frå myndigheitene.