Alle som vil kan senda innspel til Detaljplan for miljø og landskap (revidert) for Ofta Kraftverk. Innspel vert å senda til nve@nve.no innan 01. april 2022. Alle naboar og grunneigarar har fått brev om dette. Merk at utbygginga også inneheld plassering av overskotsmassar og riggområde.  Alle dokumenta kan lesast her: https://www.oftakraft.no/ofta-kraftverk-detaljplan-for-miljo-og-landskap/ 

Kommunen har og fått søknad om dispensasjon frå arealdelen til behandling frå utbyggjar av Ofta kraftverk.  Dispensasjonssøkanden er sendt til naboar og grunneigarar i dag. Merk at søknad om dispensasjon også gjeld plassering av overskotsmassar og riggområde.  Uttale til dispensasjonssøknaden vert å senda til post@laerdal.kommune.no innan 08. april. 2022.

Søknad om dispensasjon kan lesast her: 

Søknad om dispensasjon frå arealdelen til bygging av Ofta kraftverk
Vedlegg 1: Illustrasjon 
Vedlegg 2: illustrasjon

Ein kan gjerne sende same uttalen til begge sakene om ein ynskjer det, men merk at begge fristane må haldast, og merknaden må sendast då til både NVE og Lærdal kommune.

Ta gjerne kontakt med utbyggjar eller sakshandsamar i kommunen ved spørsmål om saka. Kontaktinformasjon til utbyggjar finn de her.  (trykk på linken).

Sakshandsamar i kommunen er arealplanleggjar Monika Lysne, epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no, tlf. 90516686.