Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Containar frå ryddeaksjon blir ståande til etter påske

Publisert , Oppdatert 08. april 2022
Ryddeaksjon

Onsdag var det ryddeaksjon i Lærdal, og mykje bos vart samla inn. Takk til alle som deltok på aksjonen for å halda Lærdal rein og ryddig!  Sidan containaren ikkje er full, vert den ståande ved skyttarhuset/klubbhuset ved skøytebana til etter påske. Dersom det er nokon som ynskjer å rydde meir i utmark, grøntareal eller friluftsområde i kommunen, kan ein hive boset i denne containaren.

Me understrekar at denne  containaren ikkje skal nyttast til anna avfall, som privat avfall/inventar, rivemateriale eller anna avfall frå hushaldning eller verksemd.

Miljøstasjonen er open som vanleg i påska tysdag kl. 12-18, og hageavfallplassen i Bergo er alltid open for levering av kvist, tre og anna reint hageavfall.