Kommunen er ein viktig aktør i arbeidet med å førebyggja trafikkulukker. For å lukkast med trafikktryggleiksarbeidet, må det vera fokus på dette i alle sektorar i kommunen, og det må vera forankra i den politiske og administrative leiinga. Det er også avgjerande med eit godt samspel mellom offentlege myndigheiter, frivillige organisasjonar og privatpersonar. Trafikktryggleiksplanen skal bidra til å samordne og prioritere arbeidet, og styrke den kommunale innsatsen.

Kommunestyret vedtok 05.05.22 framlegg til revidert handlingsplan til Kommunedelplan for Trafikktryggleik 2018-2022. Det er planlagd revidering av heile planen frå hausten, og det vil då verta ein større medverknadsprosess for blant anna skular og barnehagar og innbyggjarar generelt.

Kommunedelplan for Trafikktryggleik 2018-2022 med revidert handlingsplan kan lesast her (trykk på lenka)

Sakspapir frå kommunestyret 05.05.22 kan lesast her (trykk på lenka)