Arealdelen i kommuneplanen er det styrande planverktøyet til kommunen når det gjeld kva areala i heile kommunen skal nyttast til, og kva vurderingar og omsyn som skal liggje til grunn for vidare planlegging. Arealdelen er langsiktig, og skal ta føre seg prioriteterte utviklingsareal for 10-12 år fram i tid. Planen skal reviderast kvart 4. år. 

Når planen no er lagt ut til offentleg ettersyn, kan alle som ynskjer det koma med innspel til framlegget. Innspel kan omhandla f.eks. innspel til endringar, meiningsytringar om framlegget som ligg føre, innspel til viktige omsyn eller avbøtande tiltak, grunneigarar sine innspel til endring i arealføremåla, osv. Innspel kan og koma frå lag og organisasjonar, offentlege myndigheiter eller anna.

Arealdelen omfattar planomtale, konsekvensutgreiing, plankart, føresegner og ROS-analyse (risiko og sårbarheit). Plankarta kan vera noko komplisert å lese og forstå, og kommunen vil difor leggje karta inn i vårt digitale planarkiv på Kommunekart.com i løpet av kort tid. 

Innspel til planframlegget vert å senda til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no innan 20.august 2022. Høyringsperioden er forlenga med fleire veker på grunn av sommarferien, og enno meir utvida pga. korrigering i plankart på Ljøsne og for å kunne avvikle naudsynte møter for handsaming av høyringsuttalar.

Det vert arrangert folkemøte om framlegg til arealdel måndag 13. juni 2022 kl. 18.00 i kulturhuset (Øyraplassen 14).

Plandokumenta kan lesast her (trykk på lenkane):

Me gjer merksam på at det er lagt inn noko feil areal for golfbane og masseuttak på Ljøsne.  Korrigerte kart (for det aktuelle område på Ljøsne) finn de her: 
Korrigert - plankart utsnitt Ljøsne
Korrigert - plankart med omsynssoner
Korrigert - plankart utan omsynssoner


Planomtale
Planføresegner
Konsekvensutgreiing
ROS-analyse
Plankart-utan omsynssoner
Plankart -med omsynssoner
Plankart-utsnitt Steinklepp
Plankart-utsnitt Lærdalsøyri
Plankart-utsnitt Håbakken
Plankart-utsnitt Maristova
Plankart-utsnitt Ljøsne
Plankart-utsnitt Hemsedalsfjellet
Alle innspel samla og vurdert
Sakspapir-vedtak om utlegging

Plankarta er lagt inn i den digitale kartløysinga til kommunen Kommunekart.com (trykk på lenka).
Her kan ein zoome i karta, bytte mellom vanleg kart og flyfoto som bakgrunn, og skru av og på ulike temalag ved å velje i menyen under "Kartlag". Klikk inn i kartet for å få opp meir opplysningar om kva arealføremål som er gjeve for ulike areal. I plandokumenta kan ein lese meir om dei ulike føremåla.


Kontaktinformasjon til sakshandsamar:

Arealplanleggjar Monika Lysne
Tlf. 90516686
Epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no


Kommunekart