I fråvær av fastlege, vil ein alltid tilstrebe å sette ein vikar inn i den aktuelle stillinga.
Kommunen har vore heldig, og har over ein periode bygd opp eitt solid nettverk med faste vikarar med høg kompetanse.

Når me har fråvær, vert det alltid sett inn ein vikar for legen som er fråværande.Legevikaren vil så godt det let seg gjera ivareta fastlegetenestene me yter til den enkelte pasient. Det er også viktig å understreke at helsesenteret alltid tilbyr øyeblikkeleg hjelp til personar som er råka av akutt sjukdom eller skade. Dette er heilt uavhengig av kven ein har som fastlege.

Det vil alltid vera behov for legevikarar ved eit kommunalt helsesenter, i større eller mindre grad. Samanlikna med andre kommunar på same storleik, er Lærdal i ein særs heldig situasjon, med fast tilsette legar i alle legestillingar.

Vårt mål er å tilretteleggja og stabilisere kvardagen til desse legane, slik at dei ynskjer å vera hjå oss så lenge som mogeleg.

Me takkar innbyggjarane for forståing og tålmod kring situasjonen.

Jonatan Nesset
Einingsleiar helse/Intensivsjukepleiar