Foredraget var ærleg og levande og omhandla tema som rus og utanforskap. Problemstillingane kring rus, konsekvensar og refleksjon rundt eigne livsval går rett inn under paraplyen folkehelse og livsmestring i overordna del av læreplanen for grunnopplæringa. Politi, skulehelsetenesta og leiar for ungdomsklubben var representert på begge føredraga.

 

Føresette i ungdomsskulen var invitert til føredrag på kveldstid. Dei føresette som møtte der har no i lag med sine tenåringar ein felles referanse og me håpar det kan vere ein innfallsport til gode samtalar. 

 

Tusen takk til Torbjørn Gran og Richard Prøsch for ein innholdsrik dag. Me set stor pris på at Richard ville dele historia si med dei unge lærdølene. Det traff "midt i trynet".

 

Arrangør: Lærdal kommune