Informasjon om MinID som elevane treng når dei skal søka vidaregående skule:

Tidligare har VIGO levert oversikt over alle avgangselevar til DigDir for produksjon av pinkode-brev for MinID. Dette vil dei ikkje gjere lenger. Det tidlegare pinkode-brevet vert no erstatta av eit aktiveringsbrev.

Elevar som ynskjer ein MinID profil/konto, må sjølv bestilla aktiveringsbrevet sitt. Det kan vere opptil 10 dagars leveringstid. Dei må også aktivere sin MinID profil/konto innan fristen for aktivering for at aktiveringsbrevet skal vere gyldig.

Me oppmodar elevar difor elevar, som har behov for det, om å bestille MinID i god tid før dei skal søka vidaregåande opplæring.

 

Meir informasjon kan du finne på DigDir om aktiveringsbrev og MinID

 

 

Rettleiing til korleis registrere MinID

 

Kva er MinID

MinID er ein av fire elektroniske ID-ar du kan velje mellom når du skal logge inn på offentlege tenester på Internett (blant anna vigo.no).

 

Hjelp til MinID?


Kontakt brukarstøtte på telefon: 800 30 300 eller e-post: brukerstotte@digdir.no