Nødvarsel skal brukast til å varsla befolkninga på mobiltelefonen om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. I fredstid er det alltid og berre politiet som sender ut varselet. I krig kan Sivilforsvaret også vera avsendar.

Nødvarsel blir sendt via mobilnetta og ut til alle mobiltelefonar i eit definert område. Dette betyr at både norske og utanlandske mobiltelefonar som er i området, vil få varselet, anten på norsk eller engelsk. Varselet blir motteke og blir vist på alle mobiltelefonar som er: 

  • skrudd på 
  • kopla til mobilnettet (4G/5G) 
  • oppdatert med nødvendig programvare

Det er ikkje nødvendig å melda seg på, registrera seg eller på annan måte gjera noko for å få Nødvarsel. Teknologien er innebygd i dei fleste moderne mobiltelefonar og må berre aktiverast. Det skjer automatisk når ein oppdaterer til nyare programvareversjonar av Android og iOS.  

Det er ikkje mogleg å reservera seg mot å få nødvarsel. Dette betyr at «alle» som har ein mobiltelefon, også barn, unge og sårbare grupper, kan få slike varsel. Derfor er det også viktig å nå ut med informasjon. Nødvarsel skal før sommaren vera tilgjengeleg for bruk av politiet i alle politidistrikt for lokale og regionale varslar.

Den første tida etter lansering kan Nødvarsel brukast til å varsla om akutte og alvorlege hendingar som gjeld store delar av landet. Det kan vera radioaktivt utslepp, alvorleg terror eller andre ulykkes- og katastrofesituasjonar der befolkninga må varslast raskt. Politiet har, i samarbeid med relevante styresmakter, førehandsdefinert meldingar og råd for hendingar på dette nivået. I tillegg kan politiet forma ut andre meldingar.

Nødvarsel er eit supplement til dei kanalane som allereie blir brukte for å varsla befolkninga – altså eit tillegg til tyfonvarslinga og til dei etablerte varslingsrutinane til politiet. Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva ein bør gjera for å verna seg sjølv.  Løysinga erstattar ikkje andre styresmaktersine kanalar for informasjon til innbyggjarane, til dømes sms, e-post, nettsider, mm.

Les meir om nødvarsel på nodvarsel.no.