Bli med på digitalt informasjonsmøte med Siv Merethe og June tysdag 18. april kl. 20:00, og finn ut kva det vil seia å vera fosterheim.  

I Rogaland og Vestland er det over 1000 fosterheimar. Når dei skal fortelja om kvifor dei har opna hjerta og heimen for eit barn svarar mange: «Me ønskjer å hjelpa eit barn som treng hjelp». Og dei svarar: «Det gir oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg.» 

Det kjem stadig nye born til som treng fosterheim. På vårt digitale informasjonsmøte får du vita meir om kven borna er, og kva det inneber å vera fosterheim. Møtet tek ca. ein time. Du får høve til å stille spørsmål.  

Fosterheimstenesta i Førde har digitale møte ca. ei gong i månaden. Meir informasjon og skjema for påmelding finn du i denne lenkja på barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sine nettsider.